K-verdi er ei forkorting for forskingsprosjektet Kunstnarisk verdiskaping. Eit prosjekt om søppel og readymades, kunst og keramikk. Det ereit samarbeid mellom Kunsthøgskolen i Bergen og Vestlandske Kunstindustrimuseum, og ein del av Norges forskningsråd sitt KULVER-program.
Tidsramme: 1. august 2008 til 31. desember 2011.
Grensene mellom søppel, ting og readymades er flytande i kunsten, men orda signaliserer ulik verdi. Kva desse orda tyder, og kvifor så mange kunstnarar brukar vrakgods (tørr søppel) som kunstnarleg råstoff, står sentralt i K-verdi sine drøftingar. Svara vil bli presentert gjennom utstillingar, seminar, forelesingar og artiklar, og vil innebera drøftingar av spørsmål som: Kva har dei institusjonelle rammene å seia for statusen og verdien til eit kunstverk? Kva for tankesett ligg til grunn for diskusjonane om samtidskunst? Korleis skal institusjonar som kunsthøgskular og museum stilla seg til den materialbaserte samtidskunsten når materialet er blitt søppel og readymades? Kva slags kunnskap krev det av dei som skapar? Og korleis skal samlingar byggjast opp? Kva kan berre kastast, og kva bør takast vare på som del av kulturarven? Og korleis samla på det som er flyktig og forgjengeleg?
Hovudeksempla vil bli henta frå keramikkfeltet. Den første readymaden som for alvor fekk kunstverdi ved å bli flytta frå kvardagsarenaen til kunstrommet, var som kjent eit stykke industrikeramikk, eit pissoar, som Marcel Duchamp brukte i Fountain i 1917. Men det er ikkje berre difor K-verdi ønskjer å retta merksemda mot keramikk. Dagleg høyrer vi om nedlegging eller utflytting av europeiske porselensfabrikkar, og dette har skapt ein ny orden på feltet. Medan studio-keramikken tidlegare representerte antitesen til industriproduksjon, har det oppstått nye former for industriproduksjon og ein ny type kunst og design der motsetninga industri/handverk og industri/kunst ikkje lenger er gyldig. Inndraging av funne ting i heil eller øydelagd stand, og bruk av teknikkar og materiale frå industriell produksjon var tidlegare framande for studio- eller kunstkeramikktradisjonen, men er karakteristiske for det ”utvida keramikkfeltet”.
Hovudspørsmåla i prosjektet vil bli belyste ut frå fire forskjellige perspektiv i fem delprosjekt, nemleg eit kunsthistorisk ved Jorunn Veiteberg, eit museumsfagleg ved Anne Britt Ylvisåker, eit kunstfilosofisk ved Søren Kjørup og to kunstfaglege ved Kjell Rylander og Caroline Slotte. Les om delprosjekta>
Kunsthistorikar Jorunn Veiteberg (leiar) www.jorunnveiteberg.com (ikke publisert enda)
Førstekonservator Anne Britt Ylvisåker www.ylvisaker.net
Filosof Søren Kjørup
www.sorenkjorup.dk (ikke publisert enda)
Kunststipendiat Kjell Rylander www.kjellrylander.com
Kunststipendiat Caroline Slotte www.carolineslotte.com

Kunsthøgskolen i Bergen www.khib.no og Kunstmuseene i Bergen, Avdeling Permanenten Vestlandske Kunstindustrimuseum www.kunstmuseene.no.