Nytt

Viktige sal frå utstillinga Ting Tang Trash

8. januar lukka dørene for utstillinga Ting Tang Trash på Permanenten Vestlandske Kunstindustrimuseum, men heldigvis blir fleire viktige verk i landet. Alle dei tre kunstindustrimusea har måtta ta av eigne midlar (Fondet til innkjøp av norsk kunsthandverk kan kun kjøpa norske verk) for å sikra seg denne kunsten. Nasjonalmuseet i Oslo har kjøpt arbeid av Paul Scott og Carol McNicoll, Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum har også kjøpt eit verk av McNicoll og vertsinstitusjonen har kjøpt verk av Robert Dawson, Gitte Jungersen og Marek Cecula. Eit arbeid av Gésine Hackenberg blei også selt. Installasjonen Made in China av Clare Twomey, som består av over 80 krukker og som blei laga til utstillinga, har MIMA (Middlesbrough Institute of Modern Art) i Storbritannia sikra seg. I K-verdi tar vi dette som eit prov på at vi har lukkast i å fanga opp ein aktuell tendens og laga ei utstilling med vesentlege verk.

Publisert 11. januar 2011.

Nytt samarbeid

Ceramics in the Expanded Field er tittelen på eit nytt, treårig forskingsprosjekt på University of Westminster i London. Tre kunstnarar på keramikkavdelinga står bak: Clare Twomey, Christie Brown og Julian Stair. Dei har fått midlar frå Arts & Humanities Reserach Council og skal alle gjera eit kunstnarleg prosjekt ved sida av teoretisk virke. Hovudfokuset er på kunstnarlege intervensjonar i museum og museumspresentasjonar av keramikk. Internasjonale nettverk er viktige, og Jorunn Veiteberg er no ein del av samarbeidspartnarane til dette prosjektet. Ho er invitert som "key note speaker" på deira første symposium, og skal bidra med ein artikkel til heimesida deira seinare på året. Sjå www.ceramics-in-the-expanded-field.com for meir informasjon.

Publisert 11. januar 2012.

K-verdi fyller Kunst og Kultur

 

Kunst og Kultur nr. 4, 2011 er blitt et K-verdi-nummer! Jorunn Veiteberg har vært gjesteredaktør og både Søren Kjørup, Anne Britt Ylvisåker, Kjell Rylander og Ezra Shales har bidratt. Temaet er Ting, et emne det har vært økende interesse for i kulturforskningen i senere år. To andre forskere med midler fra programmet Kulturell verdsetting  (KULVER) har også artikler i dette nummeret, arkeologen Bjørnar Olsen og designhistorikeren Kjetil Fallan. Kunst og Kultur er det eneste kunsthistoriske tidsskiftet i Norge, og det blir utgitt av Universitetsforlaget i samarbeid med Nasjonalmuseet i Oslo.


Publisert 17. desember 2011

 

 

Kartlegging av norske avantgarder 
Ny bok: Per Bäckström og Bodil Børset (red.): Norsk avantgarde, Novus Forlag 2011.

 

En rekke prosjekter og publikasjoner i senere år har bidratt til økt kunnskap om nordisk avantgarde og dens forbindelseslinjer til avantgarder i andre land. Dette har resultert i en større forståelse av avantgardens betydning i samfunnet, og vi har fått flere redskaper og termer for å beskrive dette. Men mens det har blitt skrevet mye om de svenske og danske avantgardene, har norsk avantgarde aldri fått den samme oppmerksomheten. Det har sågar ofte blitt hevdet at det overhodet ikke finnes noe slikt som norsk avantgarde. Dette provoserte Per Bäckström og Bodil Børset så kraftig at de satte seg i spissen for å få til en antologi. Nå er den ferdig, en mammut på 790 sider med tittelen Norsk avantgarde.
Ambisjonen har vært at den norske forskningen skal posisjonere seg i den nordiske og internasjonale forskningsfronten som har vokst fram det siste årtiet. Samtidig ønsker de også å skape økt allmenn bevissthet om det tjuende og tjueførste århundrets norske avantgardepraksiser og inspirere til mer forsking på feltet. Boken er derfor laget både som en antologi med fokuserte studier av norsk avantgardegrupperinger og -individer, og med en rik eksemplifisering på andre forfatter, kunstnere og artister som fortjener at få oppmerksomhet i kommende studier.  
            Jorunn Veiteberg har bidratt med en artikkel i kapitlet om ”Remediering”. Hun tar for seg historien om den første readymaden som ble innkjøpt til Nasjonalgalleriet i Oslo, Per Inge Bjørlos Fargane kjem fra 1979 (innkjøpt 1983).


Publisert 17. desember 2011. 

Kjell Rylander innkjøpt av Nasjonalmuseet i Oslo

Fondet til innkjøp av norsk samtidskunsthåndverk har på vegne av Nasjonalmuseet skaffa seg fem arbeid i serien Street Ware som Kjell Rylander viste på utstillinga Kontentum på Rom 8 hausten 2011. Street Ware-serien var noko av det første Rylander gjorde som stipendiat.

Eingongsbeger i papp - godt brukte og samanklemte, er utgansgpunktet for Street Ware. Bruk og kast-koppar tilpassa vår tids kaffidrikkekultur, der ein gjerne grip ein kopp kaffi i farten og går med den på gata. Men Rylander har gjort nokre inngrep i dette materialet: botnen er skifta ut med ein av porselen eller fragment av porselenshanker er føya til. Fragmenta frå servise i fnt porselen fortel om ein annan kultur for nyting av kaffi, der servise med varig verdi inngår og sosialt samvær er implisitt.

Publisert 6. desember 2011.

Jorunn Veiteberg (red.): Ting Tang Trash

No er katalogen til utstillinga Ting Tang Trash Oppvinning i samtidskeramikken komen!

Pris: NOK 250,- (EUR 34) + porto og eksp. gebyr
Bestill boka på e-post resepsjonen@khib.no eller 55 58 73 00.

Kunstnarane som blir presenterte i boka og utstillinga viser noko av spennvidda som rår på keramikkfeltet, men samstundes har dei det til felles at dei brukar masseproduserte eller ferdiglaga ting som råstoff. Gjennom omarbeidinga eller ved å flytta desse tinga frå ein kvardagsleg kontekst til ein kunstnarleg, har dei alle medverka til å heva desse tinga sin verdi og status. Det er denne prosessen vi har kalla oppvinning.

Endra arbeidsmåtar og utradisjonelle material - særleg av ikkje-varig slag - utfordrar institusjonane som samlar og bevarar. K-verdi har sett nærare på korleis museet stiller seg til desse nye praksisformene, men vi har også sett at museet og samlingar er blitt ein stadig meir interessant arena for mange kunstnarar å gå i direkte dialog med. Ting Tang Trash kan difor presentera fleire installasjonar som er laga spesielt til denne mønstringa og til Permanenten Vestlandske Kunstindustrimuseum som stad.

Den postindustrielle tendensen som her blir løfta fram, har peika seg ut som særleg aktuell på 2000-talet, og innanfor kunsthandverket er det ein av dei få tendensane som kan karakteriserast som noko heilt nytt. Men den er ikkje ny på ein måte som representerer eit brot med fortida. I den postindustrielle keramikken, er fortida nærverande overalt, i material- og motivval så vel som i arbeidsmåtar og problemstillingar. I boka og utstillinga Ting Tang Trash har desse banda til det som var, vore viktige å få fram. Dei gjer endringane tydelegare for oss, og får utfordringane til å stå klarare fram. Men like viktig er banda til den notidige materielle kulturen. Verda er full av ting, så kvifor ikkje gi dei ei nytt liv som kunst?

Katalogen er rikt illustrert, og har følgjande artikkelbidrag:

Jorunn Veiteberg: "Funne og ferdiglaga ting . Oppvinning som kunstnarleg strategi"

Alison Britton: "Gamle ting /nytt liv/stilleben. Forførende skrap"

Paul Scott: "Willow, vindmøller og ville roser. Om resirkulering og remediering"

Anne Britt Ylvisåker: "Tingen og æva – flyktig kunst møter museet"

Ezra Shales: "Museet som mediumspesifikk muse"

Jorunn Veiteberg: "Kunstnarpresentasjonar"

Heidi Bjørgan: "Kuratoriske tanker om Ting Tang Trash"

Publisert 4. november 2011

Jorunn Veiteberg invitert til å halde prestisjeforelesing

Jorunn Veiteberg er invitert til å halde The Peter Dormer Lecture 2011. Som tittel på forelesinga har ho valgt "From making to manufracture. New Working Strategies in the Crafts". Forelesinga tar utgangspunkt i utstillinga "Ting Tang Trash. Oppvinning i samtidskeramikken" på Permanenten Vestlandske Kunstindustrmuseum, og bygger vidare på problemstillingar som blei tatt opp på konferansen "Making or Unmaking?" som K-verdi stod bak i oktober 2011.

The Peter Dormer Lecture er den store årlege forelesinga innanfor kunsthandverk i Storbritannia. Ho blir halde til minne om skribenten og kritikaren Peter Dormer, som døydde i 1996. Ein komité av venner og kollegaer står bak, og Royal College of Art er vert. Målet med forelesinga er å halda fram diskusjonen om kunsthandverk i eit samfunnsmessig perspektiv som Peter Dormer var så opptatt av.

Forelesinga finn stad for eit invitert publikum mandag 5. desember 2011 på Royal College of Art i London.

(Bildet er frå opninga av konferansen "Making or Unmaking?" i oktober 2011. Foto: Silje Handeland)

Publisert 4. november 2011

Vellukka keramikk-konferanse

- Eg er overvelda! oppsummerer professor Jorunn Veiteberg etter å ha arrangert den internasjonale konferansen ”Making or Unmaking? The Contexts of Contemporary Ceramics” i tre intense dagar.

Konferansen hadde eit tettpakka program. Dei 200 deltakarane såg fem utstillingar og høyrde på 20 faglege innlegg i løpet av dei tre dagane 27.-29. oktober i Bergen. - Ambisjonen vår var å lage ein konferanse med mykje energi. For å få til dette gjorde vi nokre nye grep. Mellom anna hadde vi ingen debatt eller spørsmål i plenum.  Vi la inn lange lunsj- og kaffepauser slik at samtalane og diskusjonane mellom deltakarane kunne foregå der.

 

Jorunn Veiteberg K-verdi-konferanse

 

-Vi avdekka ei enorm breidde i det keramiske feltet. Konferansen handla om å sette keramikk inn i ein større samanheng. No ser vi at stadig fleire keramikarar samarbeider med industrien eller handverksbedrifter i andre land. Dette er nytt, og det er mogleg på grunn av globaliseringa. Men denne nye situsjonen reiser også mange nye spørsmål av etisk art, som har å gjera med alt frå arbeidsvilkår til kredittering av opphavspersonane. I tenkinga i tida framover blir spørsmålet om korleis og av kven kunstverk er blitt produserte, viktig. Dei samarbeidsformene vi ser i dag var utenkelege for ein norsk kunsthandverkar for 20-30 år sidan, og representerer ei så kraftig brot med det som har vore at det representerer eit paradigmeskifte, seier Jorunn Veiteberg.

Dei 200 deltakarane var studentar, kunststipendiatar, teoretikarar, museumstilsette og ikkje minst - kunsthandverkarar og bildekunstnarar. Deltakarane kom frå 14 forskjellige land, dei fleste frå Norden og Europa, men også Australia, Kina, Korea, Canada og USA var representert.

Publisert 3. november 2011

Kunststipendiat Kjell Rylander med avsluttende utstilling

Hva er verdien i en anonym kopp? Hvorfor bry seg med trivielle ting? Keramisk hverdagsrealisme er temaet for kunststipendiat Kjell Rylander, men svarene han gir er hverken trivielle eller realistiske.

Åpning fred 21. oktober 2011 kl 18 i Rom8, Vaskerelven 8


Tittelen på utstillingen, Kontentum, har han lånt fra filmindustrien. Det benyttes om den "naturlige" lyden som fins på et opptakssted. Når vi bruker keramiske ting følger det f. eks. med lyder som klirring, skraping, slurping, knusing, en slags "summing av stemmer". For Rylander peker dette mot den sosiale dimensjonen eller atmosfæren som følger med tingene i forvandlingen fra dagligdagse bruksgjenstander til kunstneriske objekter. Kontentum fungerer også som en metafor for det som er i bakgrunnen, det anonyme, det som bare er uten at vi tenker over det.

På utstillingen er tingene de- og rekonstruert, samlet og sortert og presentert på måter som minner om både arkiv, lager eller museumsmagasin. Forskningsprosessen er omdreiingspunktet både i innhold og form. Kjell Rylander insisterer på at det er kunstnerens egenartede erfaringer og refleksjoner som skal formidles gjennom forskning gjennom kunst, og utstillingen formidler hva det vil si å formidle sine tanker på en visuell heller enn skriftlig måte.

Sted: Rom 8, Vaksereleven 8, Bergen

Åpent:

22. oktober 2011 fra 15.00-18.00
Stengt mandag og tirsdag
26., 27., 28. oktober åpent mellom kl. 15.00-19.00

Publisert 15. oktober 2011

 

 

TING TANG TRASH -
17.09.2011 til 08.01.2012

Hele Permanenten fylles av samtidskeramikk når utstillingen Ting, Tang, Trash - Oppvinning i samtidskeramikken åpner 17. september.

Oppvinning er når gjenstander og avfall blir gjenbrukt på en slik måte at de får en høyere verdi enn de hadde før.

Hele Permanenten bli tatt i bruk. Utstillingen viser kunst hvor industrielt avfall og gjenstander i keramisk materiale er utgangspunktet for nye verk.

Ting Tang Trash representerer den typen kunstneriske praksiser som K-verdi har vært opptatt av å løfte fram og undersøke.

Fra Susanne Hangaards video Absentia.

 

Disse deltar i utstillingen:
Barnaby Barford (GB), Neil Brownsword (GB), Marek Cecula (PL), Nicole Cherubini (US), David Cushway (GB), Robert Dawson (GB), Jens Erland (NO), Gésine Hackenberg (DE/NL), Susanne Hangaard (DK), Gitte Jungersen (DK), Hella Jongerius (NL), Håkan Lindgren (SE), Carol McNicoll (GB), Anne Helen Mydland (NO), Evert Nijland (NL), Irene Nordli (NO), Ted Noten (NL), Ruta Pakarklyte (LT/NO), Kjell Rylander (SE), Richard Slee (GB), Paul Scott (GB), Caroline Slotte (FI), Linda Sormin (TH/CA/US), Jimmy Stambrandt (SE), Hans Stofer (CH/GB), Per B. Sundberg (SE), Svein Thingnes (NO), Clare Twomey (GB).

Kurator for utstillingen er Heidi Bjørgan.

Publisert 31. august 2011

Pris til Kjell Rylander

K-verdi stipendiat Kjell Rylander er tildelt Villeroy & Boch Gustavsberg AB sin keramikkpris for 2011! Det er 9. gongen prisen blir delt ut. Summen er kr. 25 000 og formålet med prisen er å skapa merksemd rundt keramikken i Sverige både kunstnarleg og tekniskt industrielt. I grunngjevinga frå juryen heiter det:

”Keramikpriset får han för sina nyskapande keramiska föremål i oväntade och djärva kombinationer. Han bryter ned det vardagsnära och sätter samman porslinsskärvor och fragment som vi känner igen, men i stillsamt absurda kombinationer, till objekt som låter oss se det välkända som om det vore för första gången. Så skärper han vår egen tanke och blick. Kjell Rylanders hållning är poetens, fragmentet hans språk och föremålen resultatet av hans hantverksskicklighet. Verken som springer ur det vardagsnära och konkreta presenteras i kombinationer som i sin gåtfullhet ger uttryck för tillvarons egen outgrundlighet.”

Kjell Rylander er født i Sverige i 1964 og tok mastereksamen ved Konstfack år 2001. I 2009 blei han kunststipendiat ved Kunsthøgskolen i Bergen og i oktober 2011 vil han presentera resultatat av det kunstnarlege forsingsarbeidet.

Keramikkpriseen blir delt ut av Peter Larsson, VD på Villeroy & Boch Gustavsberg AB, på Porslinets Dag; søndag 28. august. Utdelinga finn stad kl 14:00 på Gustavsbergs Porslinsmuseum, Odelbergs väg 5 B, Gustavsberg.

Prisnemnda har bestått av: Agneta Linton, konsthallschef Gustavsbergs Konsthall, Päivi Ernkvist, keramiker/projektledare; Peter Larsson, VD, Villeroy & Boch Gustavsberg AB; samt Kjell Lööw, museichef, Gustavsbergs Porslinsmuseum.

Publisert 22. august 2011

 

Påmelding konferanse

No kan du melda deg på til Konferansen Making or Unmaking? Bergen 27. - 29. oktober 2011. Gå til
www.congrex.no/makingorunmaking

for meir informasjon og reservasjon!

Publisert 4. juli 2011

"Readymade-keramikk" med rot i Bergen

Finst det ein Bergensskule innanfor keramikken? Påfallande mange av dei som har arbeida med allereie ferdiglaga ting som utgangspunkt for vidare omarbeiding i keramikk, er utdanna frå Kunsthøgskolen i Bergen. Denne utstillinga samlar eit knippe av desse, og utstillinga blir difor eit fint og viktig supplement til den internasjonale utstillinga Ting Tang Trash Oppvinning i samtidskeramikken som samtundes er å sjå på Permanenten Vestlandske Kunstindustrimuseum. Kurator for begge utstillingane er Heidi Bjørgan.

 

Publisert 18. august 2011

Utstilling med blått og kvitt

Blue er tittelen på utstillinga Flow Gallery i London viser frå 15. juni til 3. septemeber 2011. Fargen blå spelar ei sentral rolle i kunsthandverkets historie, ikkje minst innanfor disiplinar som tekstil og keramikk. Utstillinga handlar om korleis dagens kunsthandverkerar brukar blåfargen, og blant dei inviterte er Caroline Slotte som inntil i vår var ein del av K-verdi i eigenskap kunststipendiat på Kunsthøgskolen i Bergen. Informasjon om dei andre deltakarane finst på galleriet si heimeside: www.flowgallery.co.uk.

Publisert 17. august 2011

K-verdi på Facebook

Fram til konferansen Making or Unmaking? og utstillinga Ting Tang Trash kan du følgja oss på Facebook. Vi har oppretta eiga side for K-verdi, der vi legg ut foto og informasjon og kommentarar.

Publisert 4. juli 2011

Musea og ny teknologi


I 2005 samla konferansen "Re-Thinking Technology in Museums" både teoretikarar og praktikarar for å diskutera korleis museumserfaringa hadde endra seg med bruken av interaktiv teknologi. 26.-27. mai 2011 blei ei ny utgåve av denne konferansen halden på University of Limerick i Irland. Temaet var "Emerging Experience". Den opna for nye innfallsvinklar til å forstå folks opplevingar på museum og galleri, og retta særleg merksemda mot utviklinga av nye interaktive teknologiar for å støtta opp under desse opplevingane. Denne typen tema og teknologiar er ein del av forskingsprosjektet til Anne Britt Ylvisåker i K-verdi, og ho var ein av innleiarane på konferansen. Teksten hennar kan lastast ned på nettadressa:
http://www.idc.ul.ie/techmuseums11/index.php?option=com_content&view=article&id=15&Itemid=7

Publisert 15. juni 2011

 

OBS: Komande konferanse!

Kryss av i kalenderen: Konferanse i Bergen 27 - 29 oktober 2011

Making or Unmaking? The Contexts of Contemporary Ceramics er tittelen på den internasjonale konferansen som vil markera avsluttinga på forskingsprosjektet K-verdi. Den vil finna stad på Terminus Hall i Bergen.
Oppstart torsdag 27. oktober kl. 10.00 og festmiddag i Grand selskapslokale laurdag 29. oktober rundar det heile av. Det blir tre innhaldsmetta dagar med ei blanding av teoretiske innlegg og kunstnarpresentasjonar. Kvar kveld blir det utstillingsopningar. Foredragshaldar: Ezra Shales, Glenn Adamson, Paul Scott, Ben Highmore, Andrew Livingstone, Mònica Gaspar, Michael Petry, Mike Press, Søren Kjørup, Anne Britt Ylvisåker, m.fl. Kunstnarpresentasjonar av Barnaby Barford, Marek Cecula, Gitte Jungersen, Carol McNicoll, Linda Sormin, Hans Stofer, Clare Twomey, m.fl.

Utstillinga Ting Tang Trash. Oppvinning i samtidskeramikken på Permanenten Vestlandske Kunstindustrimuseum, kuratert av Heidi Bjørgan, vil fylla heile museet med objekt, installasjonar og videoverk av rundt 30 kunstnarar. I tillegg blir det lese/studiekrok. Hordaland Kunstnersenter vil visa ei utstilling kuratert av Glenn Adamson, på Rom 8 blir det separatutstilling av Kjell Rylander, og det blir utstillingar som knyter an til liknande tema på Galleri Format, S12 m.fl.

Meir informasjon om påmelding, pris, hotell og meir detaljert program vil bli publisert snart!

Hans Stofer: Caught in Fight,2009, found plate, dart, er eit av verka som vil bli vist på Ting Tang Trash.

 

Kjell Rylander og Caroline Slotte til Collect 2011

Den største mønstringen av kunsthåndverk i Europa, Collect 2011, arrangeres på The Saatchi Gallery i London 5.- 9. mai 2011. Mønstringen er juryert, og 400 kunstnere er representert gjennom 37 gallerier fra hele verden. Stipendiat på K-verdi, Kjell Rylander, viser arbeider hos det norske galleriet Kunst1, mens tidligere stipendiat Caroline Slotte er representert av det finske galleriet NORSU.

Publisert 27. april 2011

Think Tank seminar og utstilling i Oslo

"Currency" er temaet for eit seminar på Kunsthøgskolen i Oslo torsdag 7. april. Jorunn Veiteberg er ansvarleg for opplegget, og seminaret er kome i stand i samband med at Galleri Format same dag opnar ei utstilling sett saman av Think Tank-medlemmene. Eit utval av Caroline Slotte sine arbeid frå serien Knick Knacks (2008) prydar invitasjonskortet. Dette verket er valt av Mònica Gaspar som hennar bidrag til Think Tanks diskusjon av kunsthandverkets verdi(ar). Les meir (pdf)>

Publisert 28. mars 2011

Disputas for Caroline Slotte

26. mars 2011 disputerte Caroline Slotte etter å ha vore stipendiat i Stipendprogram for kunstnerisk utviklingsarbeid dei siste tre åra. Caroline Slotte er den tredje stipendiaten frå kunsthøgskolen som disputerer og ho er den første i Norge som fullfører innan keramikk.

CarolineKomite

Caroline Slotte omgitt av vurderingskomiteen, frå v. Neil Brownsword, seniorveileder, Ceramics & Glass, Buckinhamshire New University, UK, Anke Bangma, kurator for samtidskunst ved Tropenmuseum, Amsterdam, Nederland (leiar) og Linda Sormin, førsteamanuensis og Head of Ceramics, Rhode Island School of Design in Providence, USA. Foto: Jorunn Veiteberg.

Det kunstarlege utviklingsarbeidet til Slotte, Second Hand Stories, kretsar rundt den private sfærens objekt som forvaltar av minne. I projektet sitt undersøker ho dei kunstnarlege uttrykksmoglegheitane til det keramiske second hand-materialet. Det kunstnarlege sluttresultatet av prosjektet blei offentliggjort på utstillinga Going Blank Again i oktober-november 2010 på Galleri s.e. i Bergen, samt lanseringa av utstillingkatalogen Närmare/Closer. Den kritiska reflektionen Second Hand Stories - reflections on the project blei ferdigstilt i februar 2011. Omforming av eksisterande gjenstandar står sentralt i Slotte sitt kunstnarlege virke. Ho omarbeider funne objekt, først og fremst brukte keramiske bruksgjenstandar, slik at dei får ny meining. Ho er opptatt av spenninga mellom det gjenkjennbare og det gåtefulle, det ordinære og det uventa. Caroline Slotte arbeider direkte i keramikken ved å skjære, skulptere, slipe ned eller føye til. Gjennom slike fysiske inngrep i materialet vert arbeidsprosessen ein måte å stille spørsmål på og peike på dei historiane som gjenstandane ber i seg. I den skriftliga delen av prosjektet har Slotte utforska alternativ til den akademisk-vitenskaplige tekstgenren. I den kritiske refleksjonen diskuterer ho mellom anna det subjektive skrivearbeidet som ein måte å komme til den kunnskapen som gøymer seg i dei skapande prosessane.

Publisert 28. mars 2011

27. januar 2011 Gjesteforelesing med Alison Britton

"Words and Pictures" - ord og bilde - har Alison Britton sett som tittel på førelesinga ho vil halda på Kunsthøgskolen i Bergen torsdag 27. januar kl. 11-13. Tidleg på 1970-talet tilhøyrte ho ei radikal gruppe keramikarar, utdanna frå Royal College of Art i London, som la grunnlaget for det som seinare blei døypt "The New Ceramics". Ho har framleis verkstad i London, og har også markert seg som ein viktig skribent. Saman med Martina Margetts ko-kuraterte ho den epokegjerande utstillinga av samtidskeramikk The Raw and the Cooked for Museum of Modern Art i Oxford i 1993. Ved sida av eigen praksis som keramikar er ho Senior Tutor på keramikk- og glasavdelinga på RCA. Sidan 1998 har ho tilhøyrt galleriet Barrett Marsden Gallery, no kjent som Marsden Woo.

Publisert 25. januar 2011

Danner-Preis 2011

Jorunn Veiteberg er invitert med som medlem av juryen for den tyske kunsthandverkprisen Danner-Preis 2011. Bak står ei stifting med base i München. Kvart tredje år inviterer dei tyske kunsthandverkarar med bustads- eller arbeidstilknytting til Bayern til å delta i konkurransen. 2000 lysbilde vart vurderte i første runde. Prisen på EUR 15.000 blir utdelt 12. oktober 2011 samstundes som ei utstilling av dei beste arbeida opnar i Villa Stuck. Ved sida av Jorunn Veiteberg er følgjande personar med i juryen: Rudolf Bott, Gert Bruckner, Michael Buhrs, Frans X. Höller, Wolfgang Lösche, Nils Holger Moormann, Chequita Nahar, Karl Rothmüller og Robert Smit. Les meir (pdf)>

Publisert 25. januar 2011

Caroline Slotte utstiller i Amsterdam

Galleri Ra i Amsterdam er eit av dei fremste galleria i verda for internasjonal smykkekunst. I seinare år har eigaren, Paul Derrez, også vist objekt av ulike slag. I haust flytta dei inn i nye lokale, og inviterte Caroline Slotte til å utstilla saman med tyske Bettina Speckner. Les meir (pdf)>

Publisert 20. desember 2010

Museumsinnkjøp for Kjell Rylander

På Kjell Rylander si utstilling i Kunst1 i Sandvika utanfor Oslo kjøpte Fondet til innkjøp av norsk samtidskunsthåndverk inn eit arbeid til Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum.

Publisert 20. desember 2010

Salssuksess for Caroline Slotte

Frå serien Going Blank Again, 2010. Innkjøpt av VK. Foto: JV.

På separatutstillinga Going Blank Again i Galleri s.e. i Bergen selte Caroline Slotte svært mange arbeid, og Fondet til innkjøp for norsk samtidskunsthandverk sikra seg heile fem objekt som i framtida vil inngå i samlinga til Permanenten Vestlandske Kunstindustrimuseum.

Invitasjon til seminar 22. november 2010: Tingenes tale

Saman med Design-avdelinga inviterer K-verdi til ope seminar på KHiB. Gjester er kunsthistorikarane Kjetil Fallan og Ezra Shales. Sistnemnde er godt kjent gjennom to tidlegare besøk i Bergen. Fallan er ein av dei få kunsthistorikarane i Norge som har spesialisert seg i designhistoroie og -teori, og han har forskingsmidlar frå Norges forskningsråd sitt KULVER-program for å skriva om design som estetisk praksis og kulturell verdsetting i aluminiumsindustrien. I doktoravhandlinga si henta han døme frå keramisk industri, nærare bestemt Figgjo, og det vil han gi ei eiga førelesing om under opphaldet i Bergen.

Kjetil Fallan. Foto: Jorunn Veiteberg

9. november 2010 Forelesing av Amanda Fielding om Richard Slee

Amanda Fielding er britisk skribent og kurator. Inntil 2006 var ho ansvarleg for samlinga til Crafts Council, og organiserte ei rekkje tematiske vandreutstillingar. 2007-09 var ho gjesteforskar i kunsthandverk ved Camberwell College of Arts  og V&A. I tillegg til ei artiklar gjennom 25 år har ho skrive bøker om Walter Keeler (2004, saman med Emmanuel Cooper) og Michael Casson (2010). For tida arbeider ho på ei bok om keramikaren Gillian Lowndes. Forelesinga hennar vil ta for seg Richard Slees keramikk, som ho kjenner svært godt etter å ha kuratert utstillinga Richard Slee: From Utility to Futility, som er å sjå på V&A i London fram til april 2011.

Amanda Fielding. Foto: Jorunn Veiteberg.

Sjølvpresentasjon av Linda Sormin 25. oktober 2010 kl. 13.00 på KHiB

Linda Sormin har vekt oppsikt med sine ustabile og skjøre skulpturar og installasjonar. Gjennom å blanda materialar funne på staden med keramiske fragment og leire utforskar ho emne som sårbarheit og aggressjon, mobilitet og overleving. Ho er født i Bangkok, men oppvaksen i Canada. I tillegg til BA i engelsk litteratur har ho studert keramikk på Andrews University, Sheridan School of Crafts & Design  og Alfred University i USA. I seinare år har ho utstilt i Vallauris (Frankrike), Middlesbrough (Storbritannia) og i Providence, Philadelphia og New Orleans i USA. Frå 2003-06 underviste ho i keramikk på Emily Carr Institute i Vancouver, og no er ho Associate Professor i keramikk på Rhode Island School of Design i Providence, USA. Linda Sormin er invitert til å gjera eit større verk til utstillinga Oppvinning som vil finna stad på Permanenten Vestlandske Kunstindustrimuseum hausten 2011.
            Linda Sormin si førelesing skjer på Kunsthøgskolen i Bergen mandag 25. oktober kl. 13:00 – 15:00 i Auditoriet i Kong Oscarsgt. 65, underetasjen. Språk: Engelsk.

Linda Sormin. Foto: Jorunn Veiteberg.

Publisert 13. oktober 2010

Caroline Slotte viser omarbeidd kvardagskeramikk frå 16. oktober 2010

Utstillinga Going Blank Again og publikasjonen Närmare/Closer er dei kunstnarlege resultata av det treårige stipendiatprosjektet til Caroline Slotte ved Kunsthøgskolen i Bergen. Prosjektet undersøkjer keramiske kvardagsobjekt som forvaltarar av minne. Utstillinga opnar på Galleri s.e. i Bergen 16. oktober 2010.

Publisert 11. oktober 2010

Kjell Rylander på Galleri Kunst1 i Sandvika frå 16. oktober 2010

Saman med bildekunstnarane Hanne Tyrmi og Jon Gundersen stiller Kjell Rylander ut under fellestittelen Objekter frå 16. oktober til 7. november.

Publisert 11. oktober 2010

Pris til Jorunn Veiteberg

Norsk Forms Hederspris 2010 er tildelt Jorunn Veiteberg. Prisen blir gitt til personar eller institusjonar som har "ytet en utmerket innsats innenfor Norsk Forms fagfelt". I grunngjevinga frå juryen heiter det:
Jorunn Veiteberg har gjennom sin mangeårige og varierte virksomhet vært særdeles viktig for fagområdene kunsthåndverk og design.

Hun har utmerket seg på ulike faglige felt når det gjelder forskning, dokumentasjon, kritikk, forfatterskap og organisasjonsarbeid. I tillegg også kuratorvirksomhet, undervisning, styre- og komitéverv i Norge og internasjonalt.
Juryen mener tiden er inne for å gi oppmerksomhet til en profesjonell kritiker og teoretiker som setter nivået på faglig diskurs og formidling. Teoretisering og kritikk er litterære genre og absolutte forutsetninger for nasjonalt faglig nivå og utvikling.

Frå prisutdelinga på DogA 2. september 2010. Foto: Tore Fjeld/Norsk Form
Publisert 5. september 2010

Museumsinnkjøp

Fondet til innkjøpt av samtidskunsthandverk har kjøpt verket Portrett av det anonyme av Kjell Rylander på utstillinga Tendenser på Galleri F15 i Moss. Det er Permanenten Vestlandske Kunstindustrumuseum som vil få verket i samlinga si.

Kjell Rylander: Portrett av det anonyme, 2010. Foto: Jorunn Veiteberg.
Publisert 5. september 2010

Årets tidsskriftartikkel

Universitetsforlagets tidsskriftpris, som blei utdelt i juni 2010, framhevar det beste som blei skrive og publisert av fagartiklar i året som gjekk. Kriteriane for utveljinga er at artikkelen er fagleg nyvinnande og godt formidla. Mellom dei 32 nominerte artiklane for 2009, henta frå like mange tidsskrift, var Jorunn Veitebergs ”Kunsten å låna. Om ei platte av Irene Nordli,” som blei publisert i Kunst og Kultur. 

Gjesteforskar

Norges forskingsråd har løyvd midlar til at Ezra Shales (f. 1969) kan bli knytt fast til K-verdi som gjesteforskar. Han er utdanna både bildekunstnar og kunsthistorikar og underviser til dagleg på Alfred University, som er eit av dei viktigaste universiteta for utdanning av keramikarar i USA. Det er kunnskapane hans om industriproduksjon generelt og keramikkhistoria spesielt som gjer han til ein aktuell samarbeidspartnar for K-verdi. Etter planen vil han opphalda seg i Bergen 2-3 veker vår og haust i 2010 og 2011.

Publisert 24. juni 2010
Ezra Shales i Bergen juni 2010 som forelesar på seminaret Fartsfylt kunsthandverk. Foto: Jorunn Veiteberg.

Le Cru et le Cuit

eller omsett til norsk, Det rå og det kokte, er tittelen på ei utstilling av norsk keramikk som opnar 12. september 2010 på Galerie Favardin & De Verneuil i Paris samstundes som The International Academy of Ceramics arrangerer konferanse og generalforsamling. Tittelen er eit lån frå antropologen Claude Lévi-Strauss’ klassiske studie av mytar, og han tener som ein metafor for den keramiske prosessen: frå naturproduktet rå leire til kulturprodukt via bearbeiding og brenning. Utstillinga inneheld verk som tematiserer ulike stadier i denne prosessen frå rått til kokt, frå kaos til orden, frå formlaust til formfast. I 1993 blei den same tittelen brukt på ei utstilling med nye arbeid i leire i Storbritannia. Den markerte ei orientering bort frå det funksjonelle og nyttige til fordel for figurframstelling og ekspressive krukker; ein tendens som også har prega norsk keramikk sidan 1980-talet. Men dagens keramikk omfattar endå fleire rettar. Påverka av globaliseringa og i takt med at industriproduksjonen har blitt lagt ned i Europa, har teknikkar og materiale frå den keramiske industrien funne vegen inn i studio-keramikken. Allereie ’kokte’ gjenstandar tener såleis som råmateriale for mange, yngre keramikarar. I spennet mellom material, substans og meining er det difor meir opent enn nokon gong kva omgrepet keramikk kan romma. Utstillinga er Norske Kunsthåndverkere si store satsing i 2010, og ein viktig del av deira arbeid for å promovera norsk kunsthandverk utanlands. Utstillinga er open i perioden 12. - 25. september 2010. Initiativtakar er opphavleg Torbjørn Kvasbø, Jorunn Veiteberg er kurator og Heidi Bjørgan står for monteringa. K-verdi-stipendiatane Kjell Rylander og Caroline Slotte er begge representerte med nyare arbeid.

Publisert 17. juni 2010

Omtalar av Le Cru et le Cuit

CA, "Les Scandinaves: Génération intranquille", La Revue de la Ceramique et du verre, Nov/Des 2010, s. 43-44.

Pascale Nobécourt, "Uberørt materialisme", khVerk nr. 4, 2010, s. 42-43.

Kjell Rylander på Tendenser

Den tradisjonsrike utstillinga Tendenser, ei mønstring av samtidskunsthandverk, har i år invitert kunstfagstipendiat Kjell Rylander med som deltakar. Det er Galleri F15 i Moss som sidan 1970-talet har stått bak utstillinga, som i seinare år har markert seg med eit "utvida" kunsthandverk-konsept. Kurator for årets Tendenser er kunsthistorikaren Knut Astrup Bull. Tendenser 2010 blir vist frå 21. august til 17. oktober.

Publisert 17. juni 2010

Slotte innkjøpt av UD

Utenriksdepartementet i Norge har kjøpt fem arbeid av Caroline Slotte til embetsbustaden til Torbjørn Jagland i Strasbourg. Jagland blei i fjor valt til generalsekretær for Europarådet for ein femårs periode.

Publisert 16. juni 2010

Velkommen til utstillinga Speed på Galleri Format i Bergen 3. juni - 8. august 2010!

”Dette er ikke en utstilling, men et møtepunkt, et diskusjonsfragment og en invitasjon til å reflektere over kunsthåndverket i dag.” Slik blir ”utstillinga” Speed introdusert til publikum. Frå 3. juni til 8. august er utstillinga å sjå på Galleri Format i Bergen. Utstillinga er produsert av Think Tank A European Initiative for the Applied Arts, der Jorunn Veiteberg er medlem. Ho har valt ut eit arbeid av Kjell Rylander og eit av Kari Skoe Fredriksen, som begge arbeider på Kunsthøgskolen i Bergen, til å inngå i ein diskusjon om fart og kunsthandverk. Les meir om utstillinga og Think Tank på www.thinktank04.eu.

Publisert 16. juni 2010

Slow eller Fast?

Farstfylt kunsthandverk er temaet for eit ope seminar som K-verdi arrangerer i samarbeid med Galleri Format på Vestlandske Kunstindustrimuseum torsdag 3. juni 2010. Målet å problematiser kunsthandverket sin identitet og funksjon og opna for nyeforståingsmåtar. Innleiarane kjem frå ei rekkje ulike land: USA, Spania, Tyskland, Nederland, Sverige og Norge. Programmet for seminaret, sjå her (pdf)>

Frå v.: Søren Kjørup, Kjell Rylander (skjult), Gabi Dewald, Jorunn Veiteberg, Love Jönsson, Caroline Slotte, Ezra Shales, Liebeth den Besten, Anne Britt Ylvisåker, Monica Gaspar og Heidi Bjørgan.

27-28. mai 2010 gjestar Sabrina Gschwandtner Bergen

Sabrina Gschwandtner er kunstnar, skribent og kurator frå New York. Ho er ei av dei leiande figurane i den nye strikkebølgja, og produserte i fleire år bladet KnitKnit og er også forfattar av boka KnitKnit Profiles + Projects from Knitting's New Wave (2007). For oss i K-verdi er hennar interesse for aktivitetar i krysningspunktet mellom handverk og kunst og hennar feministiske perspektiv på kunsthandverk svært aktuelt. I Bergen vil Sabrina delta med 2 foredrag på seminaret Suversive Stiches på Salhus trikotasjefabrikk 28. mai: "Craft and Feminism", og ein sjølvpresentasjon med tittelen: "Film to video, color, sound". Seminaret blir arrangert i samarbeid med tekstilseksjonen på KHiB, sjå program (pdf)>

Sabrina Gscwandtner og Regina Möller

14.-17. mai 2010: Collect i London

Collect.  The International Art Fair for Contemporary Objects på Saatchi Gallery i London, 14. -17. mai 2010 er den største messa i Europa for kunsthandverk. K-verdi stiller sterkt. Caroline Slotte vil visa nye arbeid gjennom Galleri Kunst1 medan Heidi Bjørgan er representert av Galleri Format. Jorunn Veiteberg deltar som medlem av ThinkTank i The Speed of Craft, ein hurtig presentasjon av Think Tanks siste publikasjon og utstilling fredag 14. mai kl. 18-19.30. Også denne finn stad i Saatchi Gallery sin herskaplege bygnad i Kensington. Ho vil også delta i seminaret Craft a European Question, arrangert av Crafts Council og World Craft Council si avdeling i Storbritannia, og leia av kunstnaren Clare Twomey, leiar av WCC UK.

Foto: Norwegiancrafts.no/André Gali.

Samarbeid med Konstfack

Under Nordplus-programmet, eit program for utveksling av studentar og lærarar i Norden og Baltikum finst nettverket KUNO som gir støtte til utveksling mellom kunstutdanningane. Jorunn Veiteberg drar 23.-29. april 2010 på KUNO-opphald til Konstfack i Stockholm. Målet er å styrka samarbeidet mellom K-verdi og Institutionen för keramik och glas under leiing av professor Zandra Ahl.

25. - 26. mars: Fremtidens museum

Anne Britt Ylvisåker har deltatt i seminaret om "fremtidens museum" som var initiert av Bergen Museum i samband med ombygginga deira. Eit par innlegg handla om bruk av ny teknologi på museum. Professor Edvard Hviding: "Stillehavssamlingen revitalisert gjennom forskning og utstilling - teknologi og tilgjengeliggjøring av utilgjengelig kunnskap". Dette var eit pilotprosjekt knytta til digital repatriering av ein båt frå Salmonøyane som står vekkgøymt og utilgjengeleg på British Museum. Det andre var seksjonssjef Kari Kristoffersen i samtale med Frode Storaas: "Film og digital formidling - forsterker eller forringer det museumsformidlingen".

Sakral kunst

”Helheten blir nästan sakral,” skriv Lotta Jonson i DN 18. mars 2010 om Kjell Rylanders utstilling på Eskilstuna Konstmuseum, og ho legg til: ”Gränserna mellan högt och lågt suddas ut och det vardagliga, slitna porslinet når en ny dimension. Konst, konsthantverk, konceptdesign? Allt på en gång. En meditation över det materiella, med en glidande värdeskala.”

Foto: Håkan Lidman

Hausten 2011: K-verdi engasjerer kurator

Hausten 2011 blir det internasjonal utstilling på PermanentenVestlandske Kunstindustrimuseum. Utstillinga vil ta utgangspunkt i forskingsresultata frå K-verdi. Heidi Bjørgan er engasjert som kurator. Ho er sjølv utdanna keramikar frå Kunsthøgskolen i Bergen og avsluttar våren 2010 kuratorutdanninga same stad. Ho vil for mange vera kjent som ein av fire medlem i kunstnar- og kuratorgruppa Temp.

Heidi Bjørgan: Gul hare, 2007. Tilhøyrer Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum

Virtuell samling

K-verdi har innleia eit samarbeid med Fredrik Sundt Breien frå TurboTapeGames om å utvikle eit konsept til korleis ein virtuelt innsamla museumsgjenstand kan fungere. Les meir om www.turbotapegames.com.

Diverse glassert keramikk frå Jordansk Mameluk periode, ca. 1400 e.Kr. (virtuelle) saman med moderne espressokopp (fysisk). Skisser utlånt frå UiB Institutt for Arkeologi. Teknologi frå NITH HCI lab. Presentert 2006 Calit2-UCSD World Heritage Center av Fredrik Sundt Breien.

Nordisk kulturfond

Jorunn Veiteberg, leiar for K-verdi-prosjektet, er utnemnd som sakkyndig for fagområdet design og kunsthandverk i Nordisk kulturfond for toårsperioden 2010-2012. Les meir om fondet på www.nordiskkulturfond.org.

Museumsinnkjøp 1

Fondet til innkjøp av samtidskunsthandverk kjøpte to arbeid av stipendiat Caroline Slotte på Opplandsutstillinga 2009. Dei vil bli tilført Kunstmuseene i Bergen, avdeling Vestlandske Kunstindustrimuseum.

Caroline Slotte: Under Blue Skies 1, 2008

Museumsinnkjøp 2

På utstillinga Ånden og materien på Trøndelag senter for samtidskunst blei stipendiat Kjell Rylander innkjøpt til både Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum og Vestlandske Kunstindustrimuseum av Fondet til innkjøp av samtidskunsthandverk.

Kjell Rylander: Uten tittel, 2009. Papp og porselen

20. november 2009: Utstilling

20. november 2009 åpner Trøndelag senter for samtidskunst en utstilling med Torbjørn Kvasbø og et utvalg av hans tidligere studenter fra Kvasbøs tid som professor på Konstfack i Stockholm: Torbjørn Kvasbø, Emma Kronvall, Moa Lönn og kunststipendiat Kjell Rylander ved Kunsthøgskolen i Bergen. Utstillingen har tittelen Ånden og materien - tendenser og utvikling i kontemporær keramisk kunst og står i perioden 20. november – 20. desember 2009.

Kjell Rylander stiller hverdagsobjektene i fokus. Kunstneren sier selv om sitt arbeid at han er opptatt av konstruksjoner og rekonstruksjoner rundt eksistensiell problematikk. Dette vises gjennom at han tar gjenkjennelige og tradisjonelle bruksgjenstander og lager dem om til skulpturelle objekter og installasjoner. Dermed skapes nye ting som blir bærere av nye meninger og sammenhenger.